03. september 2010 Søk   Admin
Til fremsiden
KAI samhandlingsrom
 
Organisering/Ansvar
  Politiske organisering
  Administrativ organisering
  Arkivorganisering
  Ansvar og fullmakter
Reglement
  Lover og forskrifter
  Sentralt regelverk
  Lokalt regelverk
Rutinar
  Daglege rutinar
  Periodiske rutinar
  Kvalitetskontroll
  Spesialrutinar
  Saker og registreringsreglar
Oversikt
  Arkivserie
  Elektronisk system
Arkivdepot
  Depotordning
  Reglement
 
 

Etne kommune

Etneelva

Etne

Arkivplanen er under utarbeiding og er ikkje ferdigstillt. Spørsmål omkring arbeidet kan rettast til Arkivleiar.

Arkivplanen gjev bindande retningsliner for behandling av all informasjon og dokumentasjon i kommunen. Arkivlova med forskrifter ligg til grunn for retningslinene.

Arkivplanen skal sikre at Etne kommune ivaretar arkivansvaret sitt etter arkivlovas § 6:

Offentlege organ pliktar å ha arkiv, og desse skal vere ordna og innretta slik at dokumenta er tryggja som informasjonskjelder for samtid og ettertid.

Oppdatering av arkivplanen

Oppdatering av arkivplanen skal skje når:

  • ei kommunal eining opprettar eit nytt arkiv eller arkivdel
  • det blir tatt i bruk ny arkivnøkkel
  • ei kommunal eining tar i bruk eit nytt datasystem for lagring av informasjon
  • kommunale einingar blir lagt ned eller oppretta
  • det blir oppretta eller lagt ned styre eller utval
  • det blir gjort vesentlege endringar i kommunens delegasjonsreglement
  • kommunale oppgåver blir overført til verksemder utanfor kommunen

Arkivansvarleg avgjer om det er behov for oppdatering av arkivplanen når

  • det bli tatt i bruk ny versjon av arkivnøkkel
  • det bli tatt i bruk nye versjonar av datasystem for lagring av informasjon

Arkivansvarleg skal ha melding om alle endringar med moglege følgjer for arkivet i god tid før dei blir sett i verk og har rett til å uttale seg om dei følgjene dei kan få for arkivet.

Rådmannen har arkivansvaret

I kommunen er det rådmannen som har arkivansvaret. Som rådmann i Etne kommune oppmodar eg alle medarbeidarar om å setja seg godt inn i og følgja retningslinene i arkivplanen.

Etne kommune 2005

rådmann

Created by NXC AS