Etne kommune har avtale med Interkommunalt arkiv i Hordaland IKS (IKA Hordaland) om leige av depot for papirarkiv og drift av digitalt sikringsmagasin. Etne kommune har deponert eldre administrativt arkivmateriale frå 1837 til 1995 til IKA Hordaland. Bestanden av administrativt arkivmateriale utgjer 142 hyllemeter. I tillegg er det deponert 88 hyllemeter personregistermateriale. Arkiva er ordna etter norsk allment arkivskjema, arkivavgrensa, kassasjonshandsama og listeført i tråd med arkivforskrifta. IKA Hordaland og papirdepotet er lokalisert i Hansaparken i Kalfaret i Bergen og har besøksadresse: Kalfarveien 82. Papirdepotet oppfyller krav til spesialrom for arkiv i tråd med føresegnene i kapittel IV i forskrift om offentlege arkiv. Av det deponerte materiale inngår også arkiva etter den historiske kommunen Skånevik kommune. Katalogane er tilgjengeleggjort på arkivportalen.no:
Arkivmateriale eldre enn 100 år blir kontinuerleg skanna og gjort tilgjengeleg. Materialet er publisert til digitalarkivet.no:
|