Hopp til hovedinnhold (trykk enter)
Arkivplan.no
Printer-ikon Utskriftsvennlig versjon

Soppskader

Arkivmaterialet blir utsatt for sopp når det blir oppbevart i fuktig miljø. Høg temperatur aukar tempoet i sopputviklinga. Dersom det blir oppdaga arkivmateriale med sopp, må ein straks flytte materialet til ein tørr stad. Flytt ikkje materiale som er soppangrepet saman med arkivmateriale som er utan sopp.

Soppangrep på papir kan ha mange slag utsjånad og farge. Det kan vere svart, brunt, rosa/lilla, ferskenfara m.m.

Sopp kan fjernast fysisk med støvsugar. Det må då brukast sentralstøvsugar med hepa-filter, slik at soppsporene ikkje berre går gjennnom støvsugaren og ut i lufta igjen. Aller helst bør støvsuginga gå føre seg ute eller i rom med avtrekk. Sopp kan vere helsefarleg og det er viktig å ta forholdsreglar, særleg om det er mykje sopp.

Dersom der er lite soppangrepet er lite kan ein bruke ein tørr klut for å tørke det vekk.

 

Laster...